Bokbinding

Tidspunkt: Fredag 26.april, kl.09.00 – søndag 28. april 2019, kl.13.00

Kursavgift: 4 450 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta.

Kursstad: Hjerleid

Kursinnhald: Gjennom å lage to bøker skal deltakarane introduserast for praktisk bokbinding for å få interesse for faget. 

 

Ingen spesielle forkunnskapar, men du bør vera glad i bøker, ha godt syn, kunne jobbe relativt nøyaktig og vera motivert for teknikk og tema. 

 

Det blir lagt opp til ein kombinasjon av fellesundervisning og individuell rettleiing. 
 

Oppstart:

  • Presentasjon av deltakarar og lærarar

  • Gjennomgang av kurspakka

  • Førebu arbeidsplassen

  • Observere og lære om papirets viktigaste eigenskapar

 

Klassisk bok (lausbind)

  • Førebu tekstblokka (innmaten)

  • Hefte med tråd og gjennomgå nokre ulike metodar

  • Lage permar til boka

  • Montere boka inn i permen

  • Pressing og turking

Lage bok/bøker utan lim

  • Førebu permen

  • Planlegge hefting

  • Førebu tekstblokka

  • Hefte (Sy)

I løpet av undervisinga, og om vi får tid snakkar vi og om:

  • Bokas historie

  • Materiallære, limtyper, ulike overtrekk til bøker

  • Verkty og hjelpemiddel.

  • Kor få tak i materiale og bruk av alternativ

  • Informasjonssøk på digitale flater

  • Svare på individuelle spørsmål og problemstillingar utover det som er omfatta av planen.

  • Korleis kan du halde fram med bokbinding heime.

Kurslærar: Erik Haagensen

Digitale flater:
www.bokbinding.no/
www.instagram.com/bokbinding/
www.facebook.com/bokbinding/

Utstyr: 
Her finn du verktøy og materialliste til kurset

 

 

Kurskriterier

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

TREseminaret

Jøndalsvegen 3B

2662 Dovre

Tlf: 95 77 57 70

Epost: post@kulturogtradisjon.no

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle