Hege i korga.jpg

Fletting av aktarkorg

Tidspunkt: Veke 17: torsdag 28. april, kl.13.00 – søndag 1. mai kl.13.00, 30 timar.


Kursavgift: 5 500 kr. + kr. 400,- til materiell. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt

Kursstad: Hjerleid, Dovre

Mål: Lære splitting og bearbeiding av flettemateriale og flette korg.

Tema:

-splitting

-materialbruk, ulike treslag

-fletting

-reiving (lage kant)

-vri vidje

-spikke beretre

Kursinnhald og gjennomføring:

På kurset lærer du å splitte selje, vier og eventuelt andre treslag. Samt bearbeide desse til flettemateriell, sette saman korga, flette, lage kant, spikke bæretre og feste dette med vidje.

Det kan vere aktuelt med ein tur for å finne materiale i nærmiljøet

Utstyr:

Deltakarane må ta med tollekniv, saks, tynne arbeidshandskar og ha arbeidsklede. Det er fint å ha eit skinn eller forkle for beskyttelse på kne. Kan og ha med ei øks, for dei som ynskjer å hogge til bæretreet.

Kurslærar: 

Hege Wiken er kurvmakar og handverksstipendiat for Norsk Håndverksinstitutt.

Samson Øvstebø er erfaren kipemakar og tradisjonsberar.

Kurskriterium

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar.

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast.

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar