Forvaltning av skogen

Tidspunkt: Laurdag 25. april, kl. 09.00 – 17.00

Kursavgift: kr 800,- inkl.lunsj.
Kursstad: Hjerleid

Kurslærar: Steinar Moldal og Jon Godal


Kursinnhald: Dagen startar med eit foredrag innandørs med fokus på skogen i det store perspektivet, skog til nytte  og pleiing av skog i eit 300 års perspektiv.Resten av dagen vil foregå i skogen:

  1. Vi går til gamle fine tre og analyserer kva som gjer at dei er fine. Vi høgg eitt og granskar. Vi drøfter hogstmaskin kontra manuell hogst.

  2. Korleis skal vi stelle skogen for at det skal bli fine gamle og store tre? Vi går i eit tynningsfelt med halvgamle tre. Noko kan vi taka ut.  Noko skal stå igjen for å bli store gamle kvalitetstre og /eller tyristubbar.

  3. Ikkje alle stader og til alle tider er skogen fullmogen.  Då lyt vi førebu trea på å bli material. Det kan gjerast med topping, det kan gjerast med blæking, det kan gjerast med ringberking, det kan gjerast med vassgåing.  Truleg har også tørkeprosessen med saka å gjera.  Vi ser på  blæka tre, ringberkte tre og vi blækar eitt.

  4. Kor tett bør skogen stå for at vi skal fange mest mogleg CO2?
    Stell av ungskog. Kor tett skal dei nye småe trea stå og kva kvistkarakter skal dei ha for at dei om 150 år skal bli gode bord-tre?​​

Utstyr:

Arbeidsklede og gode sko. Ta gjerne med skogsøks og borkespade.

Kurskriterier

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

TREseminaret

Jøndalsvegen 3B

2662 Dovre

Tlf: 95 77 57 70

Epost: post@kulturogtradisjon.no

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle