Spikking 
Tema: sjektepiler, sopelime og skaft til ostehøvel

Tidspunkt: Laurdag 27. april, kl.09.00 - 17.00
Kursavgift: 500 kr. Måltida er ikkje inkl. 
Kursstad: Hjerleid 


Kursinnhald:

Sjektepil er ei pil spikka i tre. Den må vera aerodynamisk utforma for å gå beint. Den blir slengt av garde med pinnen som det er festa ei snor i. I enden av snora er det ein knute som blir hekta inn i hakket på pila.

Dette hakket er i balansepunktet på pila. Tradisjonelt vart sjektepilar brukt både til leik og fuglejakt. Ein finn likskap mellom dei stutte spyda til urinnvånarane i Australia og sjektepilane som vart brukt her til lands. 
Det ser ut som om sjektepilar har vore ei vanleg pil her i landet fram til 1945, da vart det brått slutt. Ein har ikkje klart for seg kvifor det vart slik. 

 

Sopelime er ein feiekost laga anten med treskaft eller berre bjørkeris. Surringa var frå gamalt av med vidjeknute, men ståltråd overtok raskt da den vart tilgjengeleg

 

Skaft til ostehøvel: Ein spikkar skaftet slik ein vil ha det og borer hull til tangen med navar. Tålmod må til for å få til eit fint skaft. Så dekorerer vi skaftet med enkel stikkskurd og oljebasert maling, slik at den tar seg godt ut på osten. Til slutt limar ein tangen og høvelbladet fast i skaftet, og det er klart for å skjere ost når lim og maling er tørr!

 

Ostehøvelblada kostar 80,-/stk. Kurslærar held lim og maling.


Kurslærar: Eivind Falk og Jon Bojer Godal 

Utstyr: Du får emne på kurset, men ta gjerne med deg eiga kniv, om du har. Kniven må vera kvass og nyslipt. Kniv kan også låne på kurset.

 Kurskriterier 

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

TREseminaret

Jøndalsvegen 3B

2662 Dovre

Tlf: 95 77 57 70

Epost: post@kulturogtradisjon.no

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle