Fletting av aktarkorg

Tidspunkt: Veke 17:Måndag 26.april, kl.09.00 – torsdag 29.april kl.15.00


Kursavgift: 6 050 kr. + kr. 400,- til materiell. Alle måltid + drikkekopp i tre er inkludert i kursavgifta
30% i studentrabatt

Kursstad: Hjerleid,Dovre

.

 

Temaer:

-splitting

-materialbruk, ulike treslag

-fletting

-reiving (lage kant)

-vri vidje

-spikke bæretre

Kursinnhald og gjennomføring:

På kurset lærer ein å splitte selje, vier og eventuelt andre treslag. Samt bearbeide desse til flettemateriell, sette saman korga, flette, lage kant, spikke bæretre og feste dette med vidje.

Det kan vere aktuelt med ein tur for å finne materiale i nærmiljøet



Utstyr:

Deltakarane må ta med tollekniv, og ha arbeidskle. Det er fint å ha eit skinn eller forkle for beskyttelse på kne. Kan og ha med ei øks, for dei som ynskjer å hogge til bæretreet.

Kurslærar: 

Hege Wiken er kurvmaker og handverksstipendiat for Norsk Håndverksinstitutt.

Samson Øvstebø er erfaren kipemakar og tradisjonsbærar.

Kurskriterier

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar.

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast.

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle