top of page
fikselaug.jpg

TREfix – Fikselaug med tre

Tidspunkt: tysdag 25.april, kl.9.00- onsdag 26.april kl. 17.00, drop in. 


Kursavgift: Sjølvkost. Deltakaren betaler for reparasjonen/materialer. I tillegg er de hjarteleg velkomne til å delta på Lunsj og middag og foredrag: kr 500,- pr dag.
30% i studentrabatt

Kursstad: Handverksskolen på Hjerleid
 

Kurset gjev introduksjon i bruk av verktøy og materialar til restaurering og istandsetting av tregjenstandar.


Innhald

Dette kurset blir til medan vi går. Målgruppa er deltakarar som har tremøbler eller andre gjenstandar dei ynskjer å få reparert eller friska opp. Dette kan vere stolar, krakkar, bord, treriver, anna verktøy av tre, pyntegjenstandar. Kursinnhaldet blir lagt opp etter kva deltakarane melder inn som ynskje/behov.
Gje gamle og slitne tregjenstandar/møbel ei overhaling og nytt liv!  Det kan sjå ut som gjenstanden er i dårleg forfatning, men ofte er dei gamle tregjenstandane laga av svært haldbare og solide materialar, og litt reparasjon og fiksing vil gje det mange nye år.


Deltakarane må ha med følgjande utstyr til kurset:

​Dette kjem vi attende til.


Kurslærer: Arild Larsen, Husflidskonsulent i Hedmark.


Kurskriterium

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 24. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

bottom of page