Lafting for vidarekomne

Tidspunkt: Fredag 24.april kl. 09.00 – søndag 26. april 2020, kl. 13.00


Kursavgift: 4 550kr. Lunsj og middag er inkludert i kursavgiften.
30% i studentrabatt

Kurssted: Laftehallen på Hjerleid

Kursinnhald:

Dagleg blir kurset organisert  med ei kort teoretisk innleiing og resten av dagen rein praksis med teoretiske innslag. Opplegget blir forsøkt tilrettelagt slik at den teoretiske oversikten blir ivareteken for  kvar enkelt deltakar, men i større grad variert praktisk.


Kurset vil gje ei praktisk innføring i 5 lafteteknikkar, laft med anar frå middelalderen og fram til i dag. Teknikkane som skal øves vil også ha geografisk spreidning mtp opprinning. Laft som vil bli praktisert er:

  • Finndalslaft

  • Skorolaft

  • Rævskorolaft

  • Barkelaft

  • Luslaft

 

I tillegg til desse laftetypene vil vi vise forskjellige innhoggingsmetoder for slinner og beter samt åslaft. Det vil og bli demonstrert og gjeve moglegheit til å prøve andre teknikkar (til dømes  Raulandslaft og ”kurslaft”)

Det er moglegheiter for enkel opplæring i sliping, stell og vedlikehald av diverse lafteverkty.
 

Kurslærar: Anton Rudi (Bart Gevers)
 

Utstyr:
Deltakerane må ta med personleg verneutstyr. Den som har høve til å ta med seg ”favorittøksa”,gjer gjerne det,samt relevant lafteverkty som meddrag, passer, tommestokk og blyant, vater, fargesnor, hoggjarn, klubbe, navarer, smaløks, andre økser, håndsag, bandkniv, skjøve, høvel (okshøvel, langhøvel, rubank) osv.

Kurskriterier

  • Kursbeskriterier med atterhald om mindre endringar.

  • Ved påmelding mottek deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-epost

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25.mars

  • Etter avmeldingsfrist må kursavgift betalas

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legestadfesta sjukemelding

  • Arrangøren held ikkje skadeforsikring.

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle