Hest og skogsdrift

Tidspunkt: Måndag 20.april, kl.11.00 – torsdag 23.april kl.17.00
Kursavgift: 6 000 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta

30% i studentrabatt

Kursstad: Hjerleid

Kursinnhald: Bli med på heile prosessen frå treet står på rot i skogen, til tømmeret blir køyrt fram med hest. Deltakarane er med på befaring i skogen for å velje ut trær med riktig kvalitet i høve til bruksområdet, blinkar/plukkar trea ut og feller. Val av køyreteknikk må gjerast ut frå terreng og føre. Ein del blir teke ut som tynningsvirke. Her går vi gjennom prinsippa for oppbygging av "emneskogen". Det skal plukkast ut både skigardstaur, kornstaur, gjerdestenger, skived, eldved, gangstre, langtømmer og skurdtømmer.

Deltakarane får kunnskap om reiskap, hesten, planlegge køyring, sikkerheit og løfteteknikkar. 

Utstyr: Vernesko, skogsøks, arbeidsklede, handskar, sikkerheitsutstyr (hjelm), tømmersaks (dersom du har)

Kurslærar: 
Felle tre med handreiskap: Jon Bojer Godal
Køyre fram tømmer med hest: Jo Kåre Bakke

Kurskriterier

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 27. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle