

Handverkslaboratorium
Bli med på Barnas TREseminar
Er du mellom 7 og 12 år og interessert i trehandverk?
Bli med på Barnas Treseminar i Bygningshistorisk park på Dovre
laurdag 25. april mellom kl. 09.00 og 17.00.
Pris: 300 kr.
09:00 – 13:00: Lafte ei lita løe saman med Amund og Andreas Ljones,
13:00 – 17:00: Spikke ei skjektepil med Jon Bojer Godal
13:00 – 17:00: Drop-in: Smiing på feltesse med Svein Olav Läppanen som er lærling på Hjerleid, saman med assistent
OBS! Meld deg på i lenka over. Avgrensa med plassar. Det kan bli endringar i programmet.
Om programmet
1. Laft ei lita løe
Fyrste del av dagen vil du kunne prøve kanskje landets kulaste byggesett?
Her skal du få bygge eit lite hus med same teknikk som ein har bygd hus med i fleire hundreår her til lands. Du vil få prøve deg på lafting, som vil seie å legge lag på lag med stokkar, som eit puslespel.
Intruktørar på lafteverkstaden er Andreas Ljones, i lag med sonen Amund (12).
2. Spikke skjektepil
Vil du teste ut korleis barn lærte seg å spikke på 40-talet? Kanskje oldeforeldra dine lærte det slik? Bli med når den dyktige ringreven Jon Bojer Godal syner deg korleis du kan lage ein morosam sak: nemleg Skjektepil, samstundes som at du får god trening i grunnleggande spikketeknikk.
Skjektepila har blitt brukt i Telemark, Hordaland, Nordland, Troms og Finnmark som vi veit. Gjennom å lage ei slik pil, vil vi få øve oss på mange grunnteknikkar i spikking, og ikkje minst kan den bli til ein morosam leikesak når ein er ferdig. Vaksne kunne bruke den til å jakte på ryper, gjennom å kaste den opp i eit bjørketre når rypa beitte.
Vi har også med oss ein student frå Universitetet i Søraust-Noreg denne dagen.
3. Smiing
Stikk innom feltessa og lær deg grunnleggande smiing med lærling Svein Olav Läppanen, lærling frå Hjerleid AS.
4. Andre aktivitetar
Lokale lag og foreiningar vil kome til bygningshistorisk park og halde ulike aktivitetar med tema smart tradisjonshandverk for alle som vil besøke Bygningshistorisk park denne dagen. Kanskje får du tid i løpet av dagen til å besøke eit lag eller fleire?
Praktisk informasjon
Kle deg godt, vi skal vera ute heile dagen. Ta med matpakke, drikke, ein kopp og sitteunderlag. Meir info kjem.
Om Barnas TREseminar
Barnas TREseminar er ein del av Handverkslaboratoriet, som er ein aktivitetsserie over fleire dagar med utforsking, testing og skapande arbeid med hendene for barn og unge både i og utanfor skulen.
Prosjektet Handverkslaboratorium er eit pilotprosjekt som går ut på at barn og unge skal få teste seg på ulikt tradisjonshandverk med ulike gode forbilde, med alt frå elevar på Hjerleid til studentar og andre profesjonelle formidlarar.
Om arrangørane
Samarbeidsorganisasjonane Hjerleid handverksskole, Hjerleid AS, Studieforbundet kultur og tradisjon, Gudbrandsdalsmusea, Dovre Handverk og Norges Husflidslag står bak arrangementet. Universitetet i Søraust-Noreg vil og vera med i årets samarbeid.
Kontaktperson for Barnas TREseminar
Evelyn Utigard, husflidskonsulent i Norges Husflidslag
Epost: evelyn@huslid.no telefon: 416 85 397
Headerbilde: Trine Ruud Grønningen
