TREseminaret
19.-29.april 2021
AVLYST!
AVLYSING AV TREseminaret 2021!
Nok ein gong har vi måtte ta avgjerda om å avlyse TREseminaret pga den usikre situasjonen i samband med Covid-19.Sjølv om vi har planlagt og lagt til rette for eit arrangement som tek omsyn til smittevernreglane, ser vi likevel at vi kan gjennomføre ut i frå situasjonen vi for tida er inne i.
Interessa for årets TREseminar har vore veldig stor, noko som er godt synleg i talet på påmeldingar. Det er veldig gledeleg at så mange ønskjer å delta på kurs og vi er svært glade for å tilby eit innhaldsrik og allsidig kursprogram med dyktige og erfarne kurslærarar innan ulike tradisjons- og handverksfag.
Handverkskolen på Hjerleid har fleire kurstilbod i sommar og det er framleis ledige plassar på fleire av dei. Så for dei som har lyst og høve til å melde seg på her i påvente av nytt TREseminar, legg eg ved lenkje til nettsida:
Vi vil arbeide for nytt TREseminar 2022 og vil ønskje velkomen attende til neste vår😊
For spørsmål ta kontakt med:
Senter for bygdekultur, Hjerleid tlf. 61 24 05 51
Daglig leder Helle Hundevadt tlf. 932 81 930
Studieforbundet kultur og tradisjon, Vågå tlf. 61 21 77 50 / 977 50 049
Epost: nina@kulturogtradisjon.no