
Treseminaret på Dovre – respekt for tradisjonar, blikket mot framtida og ein god stad å vera
Om Treseminaret
I 2005 «landa» Treseminaret på Dovre, etter å ha alternert mellom dei nordiske landa i fleire år. Sidan har det vore arrangert i veke 17 kvart år, med base i Bygningshistorisk park og Hjerleid Handverksskole.
Seminaret samlar rundt 100 handverksinteresserte, frå Noreg, men og Skandinavia og «det store utland, og tilbyr kurs som hegnar om tradisjon, teknikk og kunnskap innan tre og tradisjonshandverk. Seminaret skal ha høgt fagleg innhald og utvikle regional og nasjonal kompetanse i restaurering, trebyggeri, bruk av gamle verktøy og handverkstradisjonar. Skog og tre som material skal samle bransjar og vera ein møteplass for alle med felles interesser for læring, inspirasjon og nettverksbygging.
Seminaret startar måndag/tysdag og blir avslutta søndag. Det består av en rekke handverks- og husflidskurs på tre og fire dager utover i veka, samt tilbod om foredrag på kveldstid. Foredraga er på Toftemo Turiststasjon.
Matpakkelunsj frå Toftemo, samt lunsj og middag er inkludert i kursavgifta. Middag blir servert på Toftemo Turiststasjon.
Treseminaret skal vera eit arrangement der hele familien kan delta. I helga kan både vaksne og barn gå på kurs. Husflidskonsulentar frå Norges Husflidslag held eit eige Barnar Treseminar. Forutan Barnas Treseminar, har seminaret fleire opplæringstilbod tilpassa barn og unge, og inviterer elevar frå grunnskulen og vidaregåande skule til å delta.
Under Treseminaret er det gjerne årlege aktuelle utstillingar knytt til kursa eller tema for seminaret.
Frå 2008 til 2013 var husflidskonsulenten i Oppland prosjektleiar og samarbeidde med handverkarmiljøet på Hjerleid om å arrangere. Frå 2014-2022 hadde Studieforbundet kultur og tradisjon prosjektleiaransvaret, og frå 2022 ligg prosjektleiaransvaret hjå Senter for Bygdekultur på Hjerleid.