top of page
Taktekking

Kulturprogram 2026 

Foredrag og anna kulturprogram vil gå føre seg frå måndag til søndag på kvelden på Toftemo.

Fredag blir det konsert og foredrag i Dovre kyrkje. Laurdag kveld vil det bli foredrag og dans i kombinasjon med felles festmiddag. Søndag morgon avsluttar vi med frukostforedrag.

​​

Måndag kl. 19.00–21.00 

Lynkurs i dans på Toftemo 

Tysdag kl. 19.00–21.00     

Foredrag på Toftemo: Kloke hus, m. Jon Bojer Godal

 

Onsdag kl. 19.00–21.00    

Foredrag på Toftemo: Korleis foredlar vi skogen? Om forskningsprosjektet Blæking av tre på

Dovreskogen, ved Steinar Moldal og repr. frå Riksantikvaren

Torsdag kl. 19.00–20.00    

Foredrag på Toftemo: Kopi av takryttaren på Borgund stavkirke, m. Jon Anders Fløistad

Fredag kl. 20.00–21.00     

Konsert i Dovre Kyrkje med Tiril Eirunn Einarsdotter (fele/hardingfele) og Martin Steinum Brun (song/kraviklyre). Dei er begge folkemusikarar utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Saman skriv dei ny musikk inspirert av den klassiske tradisjonen, visesong og ikkje minst den norske tradisjonsmusikken. Med lyre, hardingfele og song blir lyttaren invitert inn i ei skjør og finurleg verd, som flyt mellom nå- og fortid.

​Laurdag kl 19.00–20.00

Festmiddag på Toftemo, kulturprogram

Laurdag kl. 20.00–22.00    

19:00 Festmiddag, kulturprogram og dans.

Søndag kl kl 08.00-10.00

Frukostforedrag på Toftemo med Ingrid Blessom frå NRK-serien Nytt i liv i gamle hus. Opent for alle!

Ingrid Blessom er lidenskapeleg oppteken av bygningsvern, handverkstradisjonar og historia som sit i veggane. Ho og familien står bak restaureringa av Uleberg, eit freda hus frå 1700-talet, der dei med respekt for fortida og blikk for framtida gir nytt liv til gamle materiale, teknikkar og forteljingar.

Gjennom arbeidet med Uleberg har ho fordjupa seg i tradisjonelle metodar, materialbruk og det tolmodige handverket som krevst når ein arbeider med gamle bygg.

Prosjektet har òg blitt følgd i TV-serien Nytt liv i gamle hus, som følgjer familiar som set i stand historiske heimar. 

På Hjerleid deler Ingrid erfaringar frå arbeidet med Uleberg, om val som må takast, feil ein lærer av, gleda over små sigrar og kvifor det er viktigare enn nokon gong å ta vare på den bygde kulturarven.

 

Tiril og Martin-foto Bathasar Huss.JPG

Tiril Eirunn Einarsdotter (fele/hardingfele) og Martin Steinum Brun (song/kraviklyre) er begge folkemusikarar utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Foto: Bathasar Huss.

Nytt liv i gamle hus Ingris Blessom Foto NRK.jpg

Ingrid Blessom og familien på garden Uleberg. Foto: NRK frå serien Nytt liv i gamle hus

For spørsmål:
Ragnhild Angard: 959 98 409

bottom of page