top of page

Korg i splitta material

Meld deg på kurset

Når: Fredag 25. april kl 09.00 - til søndag 27. april kl 12.00. (Ca 20 timar.)

Kursavgift: 4500 kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1. mars, gjeld 5000 kr. Materialkostnadar 800 kr.

Lunsj, middag, pausemat, kaffi og festmiddag laurdag inkludert

i kursavgifta. 30% i studentrabatt. Ta med kopp.

Kursstad: Hjerleid håndverksskole. Registrering i Gulbygget på Hjerleid.

Lærar: Hege Iren Aasdal.

Hege Iren har i mange år jobba med fleire typar tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Håndverksinstitutt. I 2020-2023 hadde ho eit stipendiat for Håndverksinstituttet, der ho har fordjupa seg spesielt i korger i splitta material.

Mål: lære å splitte og bearbeide materialar for hand og lagar alt material til eigne korger.

Utstyr:

Deltakarane må ta med kniv, hanskar, gode arbeidsklede, eventuelt forkle og hagesaks (vi har til utlån og sal).

Splitta material

I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange ulike typar korger i splitta material. Pinnane vart delte for å gjera dei smidige nok og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinnar like, dei må bearbeidast for å bli jamne og like nok til å setja saman til ei korg.

Denne bearbeidinga må gjerast for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om du kan bruke mange ulike material. Deltakarane vil lære å splitte og bearbeide material for hand og lagar alt material til eigne korger.

 

Det er mange ulike variantar av korger i splitta material. På dette kurset kan deltakarane velje mellom aktarkorg og ei lita korg med handtak. Materialane og framgangsmåten er den same, flettemønsteret litt annleis.

Meld deg på kurset
bottom of page