top of page

Lafting med materiallære (for erfarne og ferske)

Meld deg på kurset

Når: tysdag 22.april kl 13.00 - søndag 27. april.

 

Pris: 8600 kr. Lunsj, middag, pausemat, kaffi og festmiddag laurdag inkludert i kursavgifta. 30% i studentrabatt (under 26 år). Ta med kopp.

Kvar: Laftehallen på Hjerleid. Registrering i Gulbygget frå kl 12.00.

Lærar: Rolf Morten Hosarøygard, lærar ved Hjerleid handverksskole.

Variert erfaringsgrunnlag 

Vi tek sikte på å tilrettelegge opplegg og teori til dei ulike deltakarnivåa. Innspel og ønskje frå deltakarane om teknikkar vil bli teke omsyn til. Øvde deltakarar vil få prøve seg breitt. Målet er at alle skal ha godt utbytte av kurset.

 

Organisering

Kurset har ein hovudinstruktør og bistand frå elevassistentar. 

Kurset blir organisert i utgangspunktet med ei teoretisk innleiing (maks ein skuletime), og resten av dagen praksis med teoretiske innslag. Ramma rundt blir servering av måltid og foredrag på kveldstid.

Mål for kurset

Kurset skal gje kunnskap om den generelle utviklinga av laftet frå middelalder og fram til i dag, utsjånad (laft, hals, hovud, tverrsnitt av tømmer), arbeidsteknikkar, verktøytypar og verktøybruk. Vidare må målet vera å lære seg gode arbeidsteknikkar, laftebyggets jamvekt og struktur, samt tekniske løysningar bygningsretta.

 

Fagleg innhald

Kurset vil i hovudsak gje praktisk innføring i ein lafteteknikk (barkelaft på kanta tømmer), men det vil og vera mogleg å prøve teknikken skorolaft.

Teknikkane kan utøvast på til dømes kanta (saga) tømmer, rundtømmer, ovalt tømmer.

Viss tid så kan det vere mogleg å lafte åsar, ry/telje tømmer med øks, felle inn ulike typar beiteskier og raftsperrer.

Teoretisk og/eller praktisk gjennomgang av

  • oppstart av hus (fyrste omfar)

  • tømmer (treslag, kvalitet, behandling, osv)

  • tak-konstruksjonar på lafta hus

  • lafteverktøy

  • kvessing av verktøy

  • beiteskier/vindauge- og døropningar i tømmerhus

  • taktekking

  • innsetting og montering av vindauge og dører

  • overflatebehandling av tømmerhus

 

Generelt

Ta gjerne med deg «favorittøksa» di, samt relevant lafteverktøy som meddrag, passar, tommestokk og blyant, vater, fargesnor, huggjern.

Har du klubbe, navar, smaløks, andre økser, handsag, bandkniv, skjøve, høvel (okshøvel, langhøvel, rubank), osv. så kan du ta med, men vi har og til utlån.

 

Ta med verneutstyr (hørselvern, briller og vernesko)

For spørsmål: 
Helle Hundevadt. 932 81 930

Rolf Morten Horarøygard 917 09 912

post@hjerleid.no

Meld deg på kurset
bottom of page