


20-årshuset
Når:
Tysdag 22. april–fredag 25. april (ca 20 timar).
Lunsj, middag, pausemat, kaffi og festmiddag laurdag inkludert
i kursavgifta.
Pris: 5000 kr
Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt (30 kurstimar)
Kvar: Hjerleid. Registrering i Gulbygget
Lærar: Åsmund Stormoen, med elevassistentar frå Hjerleid handverksskole.
Ta med: øks(er), bandkniv, hoggjern, klubbe, navar, kniv, tommestokk og blyant
Plan for 20-årshuset
På TREseminaret på Dovre er vi opptekne av korleis vi brukar trematerial i bygningar, gjenstandar, i tradisjonen, i kunsthandverket, og korleis vi best kan forvalte skogen slik at den gjev oss dei materiala vi treng. På TREseminaret har vi lafta, bygd reisverk, sett opp stavkyrkje og kubbehus, alt dette med material frå skogen.
I 2025 er berekraft og grønt skifte tema som alle er opptekne av. Vi ønskjer å bidra med å bygge ei bygning av lokalt trevirke, bygd med handverktøy, som kan plukkast ned og flyttast, som kan brukast av alle, og som kan lagast på tvers av generasjonane. Vi landa på ein gapahuk i ein stavkonstruksjon (sjå bildet) som kan innreiast og tekkast, eventuelt kleast etter behov.
Vi utfordrar arkitektstudentar til å kome med forslag til korleis "20-årshuken" kan innreiast, dekorerast, kva den kan tekkast med og korleis veggane kan byggast.
Kurset går over tre lange dagar, vi håpar i fellesskap å kunne fullføre fleire 20-årshus i løpet av veka.