
Handverksdagen
Opplev smart handverk!
Arrangementet er flytta til Hjerleid grunna vêrmelding om litt bustete vêr. Det vil gå føre seg i og rundt kantina på Hjerleid. Velkommen!
Vi har gleda av å invitere store og små til Handverksdagen i Hjerleid laurdag 25. april 2026 kl. 1200 – 1700
På Handverksdagen vil de møte lag og foreiningar som gjer ein viktig innsats innanfor tradisjonshandverk eller tradisjonskunnskap.
Inne i låven vil de møte Vågå Husflidslag som syner fram korleis stoppe sokkar, Dovre Husflidslag vil syne fram snorhjul og Kabylsk vev, og Lesja Husflidslag vil og by på noko spennande. BirdLife skal lage fuglekassar og fortelle om ulike fuglar, Dovre Bygdekvinnelag har stand med munngodt og godbitar, bålpanne med varm mat, og sal av bøker og matoppskrifter. 4H vil ha ein aktivitet der, og Barnas Treseminar vil ha sitt Handverkslaboratorium (eigen påmelding).
Det blir spikking med Jon Bojer Godal og lafting av løe med Andreas Ljones med sønnen og deltakelse på smiing og treskjæring osv.
Her blir mykje artig for vaksen og ung!
Handverksdagen er ein møteplass der lag, foreiningar og utøvarar kan vise fram til publikum det dei arbeider med og er opptekne av, dele erfaringar og inspirere kvarandre og publikum. I år vil vi ha skarpast fokus på korleis tradisjonshandverk kan vera smart og ser på korleis dette kan være knytt til beredskap. Handverksdagen vil kort sagt bli ein dag å oppleve tradisjonshandverk, kunnskapsdeling og levande kulturarv.
Arrangementet er opent for alle aldrar og rettar seg mot barn og unge, familiar, fagfolk, frivillige og allment publikum.

