
Barnas TREseminar
TREseminaret - eit arrangement for heile familien!
I helga kan både liten og stor få vere med å lære om tradisjonshandverk.
Kurspris:
Dagpakke kr. 350,-. ( inkl. drikkekopp i tre)
Fredag - sondag kr. 750,- ( inkl. drikkekopp i tre)
Moglegheit for å delta ein eller fleire dagar.
Tidspunkt og program:
Fredag 23. april kl. 09.00 — 17.00:
Arbeid med skjerande verkty og ferske emner rett frå skogen
Laurdag 24. april kl. 09.00 — 17.00:
Tredreiing, smiing, og meir skjerande verkty og emner frå skogen.
Sondag 25. april kl. 09.00— 13.00:
Karveskurd, kolrosing og måling, samt safari på "vaksen"-kursa.
Kursstad: Oppmøte ved gulbygget på Hjerleid.
Måltid: Deltakarane må ha med seg matpakke, men får servert saft, kjeks, og frukt kl.10.00 og 14.00 kvar dag. Søndag serverer vi blandagraut og spekemat kl.13.00
Kursinnhald:
For tredje året inviterer vi barn i grunnskulealder til Barnas TREseminar.
La barna få vere med å lære om tradisjonshandverk på eige kurs under TREseminaret på Hjerleid! Her får dei prøve seg på tradisjonelt trehandverk, tredriing og smiing. Dei lærer om teknikkar, materialar og skjærande verkty.
I tillegg til å lage eigne bruksgjenstandar, tek vi ei runde på dei andre kursa på Hjerleid for å sjå korleis dei vaksne jobbar med lafting, smiing, møbelsnekring, tømmerkøyring med hest og mykje mer. Og så blir det sjølvsagt mykje leik og moro! Slik kan foreldre/besteforeldre med godt samvet gå på
«vaksen-kurs» på TREseminaret, og ha barna med på Dovre. Kurset er ope for alle som er interessert, og det er inga forutsetning for påmelding at foreldre skal gå kurs. Passar for barn i skulealder.
Utstyr: Barna må vere kledd for å vere ute, og kan gjerne ha med egen spikkekniv, men vi har også kniver og verkty til utlån.
Kurslærar: Arild Larsen, husflidskonsulent i Hedmark.