Skog og materialkurs
Tidspunkt: Onsdag 24.april - laurdag 27. april (35 timar)
Kursavgift: 5 600kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1, mars, gjeld 6100 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt
Kursstad: Skogen som klasserom
Kursinnhald:
Bli med på heile prosessen frå treet står på rot i skogen til det er klart fro bruk. Tømmeret blir kip-køyrt fram med hest. Deltakarane er med på befaring i skogen for å velje ut trær med riktig kvalitet i høve til spesifikke prosjekt, blinkar/plukkar trea ut og feller. Val av køyreteknikk må gjerast ut frå terreng og føre. Deltakarane vil få generell kunnskap om skogen, noko kløyving av tre og spon, dimensjonshugging av tømmer – kanskje har ein eller fleire av deltakarane behov for tømmer til eit spesifikt prosjekt? Om kvelden blir det foredrag om mellom anna vassgang og eigenvekt på tømmeret.
Deltakarane får kunnskap om reiskap, hesten, planlegge køyring, sikkerheit og løfteteknikkar.
Utstyr: Vernesko, skogsøks, arbeidsklede, hanskar, sikkerheitsutstyr (hjelm), høyrselsvern, tømmersaks (dersom du har). Kle deg godt!
Kurslærar: Jo Kåre Bakke, Jon Bojer Godal, Steinar Moldal og hesten Trond.
Aktuelle tema: Finns det gode alternativ til slik skogen blir drive i dag? Skogen og materialkvalitet, blæking, felling og saging, densiteten og eigenvekt.
Saging og skurmønster. Kva er konsekvensane økonomisk og miljømessig ved overgang til fleiralder-skogbruk? Vurdere skurmønster, eigenskapar i stokkane, ulike materialar til ulike formål. Valg av materialar til ulike byggeformål.
Om foredragshaldarane:
Steinar Moldal: Byggmeister, ingeniør, dagleg leiar av Dovre handverkssenter as på Hjerleid. Kurshaldar og rådgjevar i materialkunnskap, skogforsking og i tradisjonelle byggeteknikkar. Medforfattar av fleire fagbøker om lafting, reiste konstruksjonar m.m.
Jon Bojer Godal: kjent som formidlar av tradisjonell handverkskunnskap, både gjennom bøker og foredrag. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar.
Jo Kåre Bakke: Hestkar og skogsarbeidar. Har halde fleire skogskurs med bruk av hest som reiskap, både for Hjerleid og for andre.
Kurskriterium
-
Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar
-
Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post
-
Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 24. mars
-
Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast
-
Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.
-
Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.