
Dekorasjonsmaling
Tidspunkt: Fredag 23.april, kl. 09.00 – søndag 25. april 2021, kl.13.00
Kursavgift: 4 600 kr. Alle måltid + drikkekopp i tre er inkludert i kursavgifta.
30% i studentrabatt.
Kursstad:Hjerleid
Kursinnhald:
-lære om ulike malingstyper og lage ulike typer maling.
-komposisjonsmaling
-lage beis frå botnen av
-fargeblanding
-verktylære
-sjablong- og strekdekor
-teikne og skjære sjablongar
-marmorering, ådring og andre laseringsteknikkar
-maling av eit møblement. Kursdeltakerar kan gjerne ta med seg mindre ting ein kunne tenkt seg å få gjort noko med.
-arbeide litt med pigment
Det blir jobba mest mogleg praktisk med noko teori samtidig.
Det kan i løpet av kurset og bli høve for ein liten ekskursjon for å sjå på dekorasjonsmåling.
Arrangør tek atterhald om mindre endringar i programmet
Kurslærar: Anders Haugli
Utstyr: Gode sko og eigna klede til å male i.Uteklede er og ein fordel. Kursdeltakerar kan gjerne ta med eige verkty, elles stiller kurslærar med ein del. Det er er høve til å ta med småting for dekorering. Desse må da vere reinska/klargjort på førehand slik at dei er klare for å malast på.
Kurskriterium
-
Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar
-
Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding
-
Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars
-
Etter fristen må kursavgift betalast
-
Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege
-
Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.