
Når: Laurdag 26. april, 09.00 - 15.00
Pris: 600,- (1000,- med festmiddag)
Kvar: Bygningshistorisk park
Lærar: Jon Bojer Godal
Jon Bojer Godal er kjend som formidlar av tradisjonell handverkskunnskap, både gjennom bøker og foredrag. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar.
Kursinnhald og gjennomføring:
Bruke emne frå skogen og nevane til å lage noko nyttig. Bjørkeris kan brukast til mellom anna å lage både rismatter og sopelimar. Jon legg opp til å lage to sopelimar på kurset, ein til døra og ein for klede. Dei er nyttige og enkle bruksgjenstandar som kan stå ute og brukast året rundt.
Til sopelimar treng du kvistar, jerntråd eller vidjespenning til binding, og eventuelt skaft.
Opprinneleg vart det brukt vidjespenning av bjørk til bindinga, men da jerntråden vart tilgjengeleg på midten av 1800-tallet, gjekk folk over til å bruke denne. Kjenner vi Jon rett, får de nok lære korleis ein lagar og brukar vidjespenning og på dette kurset.
Utstyr:
Gode klede til å arbeide ute i.
Spikkekniv.

