Sveipekurs med kolrosing
Tidspunkt: Onsdag 26. april, kl. 13.00 – søndag 30. april 2023, kl. 13.00 (32 timar)
Kursavgift: 5600kr ved påmelding før 1. mars. Etter 1. mars: 6100,-. Kursmateriell kjem i tillegg. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt
Kursstad: Hjerleid
Kursinnhald:
Kurset vil gje ei innføring i sponsveiping, samanføyingar og dekor. Du lærer å lage fat til ljos/pynteting, små skrin og tiner, bygd på gammal tradisjon med moderne design og teknologi.
Veggen i sveipen blir bøygd rundt ein mal, og sydd saman med tæger.
Kolrosing er ein dekorasjonsteknikk som går ut på å skjære snitt i emnet, for så å fylle det med eit fargestoff utblanda i olje.
Mål:
Målet er å gje deltakarane kjennskap til gamle bruksformer og teknikkar i sveip.
Vurdere materialvalg, dimensjonering, konstruksjon og samansettingsmåtar.
Inspirere den handverksinteresserte til å lage produkt med god form og design.
Innhald:
Saman med læring av teknikkar, formidlar kurslærar munnleg og skriftleg, kunnskap om materialar, tradisjonar og handverk.
Kurslærar har med instruksjonshefte.
Kurslærar: Robert Wiik, møbelsnekkar-lærar med lang erfaring.
Kurskriterium:
-
Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar.
-
Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding
-
Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 24. mars
-
Etter fristen må kursavgift betalast
-
Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege
-
Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.