top of page

Tørrmuring 

Tidspunkt: Tysdag 26.april, kl.13.00 –søndag 1. mai  kl.13.00, 40 timar. 
Kursavgift: 7 900kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt
Kursstad: Bygningshistorisk park

Kursinnhald:
Deltakarane får innføring og øving i grunnleggjande leirmuring og tørrmuringsteknikk. Kurset har ein teoretisk del som inneheld prinsippa for muring. Den er basert på bildemateriell, orientering om dei vanlegaste bruksområda og hovudtypene av tørrmura og leirmura konstruksjonar. De vil og få innføring i korleis byggje ein god jordkjellar, eldstad med pipe, samt få prøve seg på utkragingsteknikk. Ved muring av eldstad med pipe, er leire brukt i kombinasjon med naturstein.

Kurslærar: Haakon Aase

Utstyr:

Deltakarane må ta med personleg verneutstyr. Høyrselsvern og vernebriller er nødvendig. Ein kan bruke skogshjelm med hørselsvern og visir. For støv kan det vere lurt å ha med støvmaske. Deltakarane må ha gode arbeidsklede og kle seg godt. Det er lurt å ha solide bukser med kneputer, handskar og vernesko.

Det er fint om deltakerane har med seg noko av følgjande verktøy (som minstemål ta med steinhammar, spett og slegge).

  • liten steinhammar

  • sleggje

  • spett, stort

  • spett, lite einhands

  • piggsett, liten/stor

  • holsett (dobbeltsett), liten/stor

  • meislar av ulike slag og storleikar

  • meterstokk

  • spade

  • krafse og trau

Kurskriterium​

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

bottom of page