Tidspunkt: Torsdag 28.april, kl.18.00 – søndag 1. mai kl.13.00, 25 timar.
Kursavgift: 4 900 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
Kursstad: Hjerleid
Kursinnhald:
Kurset passar både for nybegynnarar og vidarekomande. Undervisinga blir tilpassa kvar enkelt deltakar. Deltakaren skal bli trygg på bruken av benk og jarn/utstyr. Kurset skal inspirere til vidare arbeid ved dreiebenken og utforske egne idear.
Program:
• Litt historie om faget
• Teori om treets fiberretning og korleis dreiejern skjer.
• Føring av dreiejarnet, for å unngå ubehagelige opplevingar
• Om dreiebenken og benkens delar, og litt om fart
• Om dreiemåtar, langved, tverrved og ende-ved
• Om dreiejarna
• Sliping av verktøy
Øvingar:
• Dreiing mellom senter, øvingar i å lage konkave/ konvekse formar
• Dreiing av bollar og fat
• Dreie i vått virke. Fordelar - ulemper
• Om formar - kva ser bra ut, og kva er ikkje så bra
• Om forskjellige treslag, kva skal vi velje
• Om overflatebehandling
Kurslærar: Reinhold Conrad
Utstyr: Kurslærar har med emne. Ta gjerne med eigne dreiejarn viss du har. Gode sko, arbeidsklede/ klede som toler sagflis, høyrselsvern og vernebriller