Taktekking med villskifer

Tidspunkt: Fredag 24.april, kl.09.00 –søndag 26. april 2020, kl. 13.00
Kursavgift:  kr.4 550,- Alle måltid er inkludert i kursavgifta.
Kursstad: Bygningshistorisk park

Kursinnhald: Lære prosessen og teknikken med bruk av villskifer i taktekking.I løpet av kurset vil ein prøve å få fullført tekkinga på eit lite hus i tørrmur. Kurset skal gje kunnskap om å leggje eit tradisjonelt skifertak.Målet er å lære seg gode arbeidsteknikkar og bruk av rett verkty/reiskap til å bearbeide steinen.Tileigne seg forståing for steinens struktur, lære å vurdere steinens fiberretning, slik at steinen blir kutta riktig.

Innhaldet i kurset vil basere seg på opparbeidd kunnskap formidla av kurslærar gjennom mange års arbeid med taktekking og bearbeiding  av stein, lært av andre tradisjonsberarar.
 

Kurslærar: Arne Letrud

Utstyr:

Ta med verneutstyr og vernesko, hanskar og arbeidsklede.

Kurskriterier​

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skader under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

TREseminaret

Jøndalsvegen 3B

2662 Dovre

Tlf: 95 77 57 70

Epost: post@kulturogtradisjon.no

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle