top of page

Historien om TREseminaret på Dovre

TREseminaret på Dovre har vore arrangert kvart år sidan 2005. Før den tid, var det eit seminar som alternerte mellom dei nordiske landa. I 2005 «landa» det på Dovre – med base i  Bygningshistorisk park og handverksutdanninga på Hjerleid (landets eldste handverksskule fra 1886).
 

TREseminaret har følgjande visjon og mål:
”TREseminaret på Dovre – respekt for tradisjonar, blikket mot framtida og ein god stad å vera.”


TREseminaret på Dovre skal vera eit arrangement med høgt fagleg innhald for å utvikle regional og nasjonal kompetanse innan restaurering, trebyggeri, og handverkstradisjonar relatert til bruk av tre og skog. Arrangementet skal ha fokus på ressurs - og produktutvikling og materialbruk.

Frå 2008 til 2013 var husflidskonsulenten i Oppland prosjektleiar og samarbeidde med handverkermiljøet på Hjerleid  om å arrangere TREseminaret på Dovre. 
Frå 2014-2022 hadde Studieforbundet kultur og tradisjon prosjektleiaransvaret, og frå 2022 ligg prosjektleiaransvaret hjå Senter for Bygdekultur.

Seminaret har alle åra vore lagt til Bygningshistorisk park, Toftemo Turiststasjon og Hjerleid på Dovre i veke 17 . Dei seinare åra har det vore tilbod i handverk for barn og ungdom i samarbeid med barneskule, ungdomsskule og byggfag i videregående skule.

Hovudtema på seminaret har frå 2005 handla om treet som material, formidling av gamle handverksteknikkar og bruk av tradisjonelt handverktøy, alt presentert gjennom praktiske kurs. Utstillingar og foredrag er ein viktig og samlande del av seminaret.


Det samlast mellom  80-100 handverksinteresserte frå heile Norge, i alle aldrar, men og frå andre nasjonar.

bottom of page