top of page

Solv (sopelime)

Tidspunkt: Laurdag 27. april, 09.00 - 18.00 (9 timar)
Kursavgift: 1700,- (1200,- utan måltid)

Kursstad: Bygningshistorisk park

Lærar: Jon Bojer Godal

Jon Bojer Godal er kjent som formidlar av tradisjonell handverkskunnskap, både gjennom bøker og foredrag. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar.


Kursinnhald og gjennomføring:

Bruke emne frå skogen og nevane til å lage noko nyttig. Bjørkeris kan brukast til mellom anna å lage både rismattar og sopelimar. Dei er nyttige og enkle bruksgjenstandar som kan stå ute og brukast året rundt. 

Til sopelimar treng ein kvistar, jerntråd eller vidjespenning til binding, og eventuelt skaft.

Opprinneleg vart det brukt vidjespenning av bjørk til bindinga, men da jerntråden ble allment tilgjengeleg på midten av 1800-tallet, gjekk ein over til å bruke denne. Kjenner vi Jon rett, får de nok lære korleis ein lagar og brukar vidjespenning på dette kurset. 

 

Utstyr:
Gode klede til å arbeide ute i.

Spikkekniv.

Jon Godal sopelime_edited.jpg
bottom of page