Skog og materialkurs
Tidspunkt: Torsdag 24.april kl 09.00 - laurdag 27. april (35 timar m. foredrag).
Kursavgift: 6300 kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1, mars, gjeld 6800 kr.
Festmiddag laurdag, alle måltid elles, kaffi, te og pausemat inkludert i kursavgifta.
30% i studentrabatt. Ta med kopp.
Kursstad: Ute i skogen på Dovre, i Bygningshistorisk park og på sagbruket på Hjerleid.
Registrering på Hjerleid i Gulbygget frå kl 08.00 onsdag 24. april.
Kursinnhald:
Bli med på heile prosessen frå treet står på rot i skogen, til det er klart for bruk. Tømmeret blir kip-køyrt fram med hest. Deltakarane er med på befaring i skogen for å velje ut tre med riktig kvalitet i høve til spesifikke prosjekt, blinkar/plukkar trea ut og feller. Val av køyreteknikk må gjerast ut frå terreng og føre. Deltakarane vil få generell kunnskap om skogen, noko kløyving av tre og spon, dimensjonshugging av tømmer – kanskje har ein eller fleire av deltakarane behov for tømmer til eit spesifikt prosjekt? Om kvelden blir det foredrag om mellom anna vassgang og eigenvekt på tømmeret.
Deltakarane får kunnskap om verktøy, hesten, planlegge køyring, sikkerheit og løfteteknikkar.
Utstyr: Vernesko, skogsøks, arbeidsklede, hanskar, sikkerheitsutstyr (hjelm), høyrselsvern, tømmersaks (dersom du har). Kle deg godt!
Kurslærar: Jo Kåre Bakke, Jon Bojer Godal, Steinar Moldal, Gjermund Andersen (Naturvernforbundet og forfattar) og hesten Lykke.