top of page
Sponkorg.png

Sponkorg av høvla spon

Meld deg på kurset

Kurset er fullt. Ta kontakt om du har lyst til stå på venteliste.

Når: Tysdag 22. april kl 13.00 - torsdag 24. april kl 17.00.​ (Ca 20 timar.)

Pris:  5000 kr. Materialkostnadar 1000 kr.

Lunsj, middag, pausemat, kaffi og festmiddag laurdag inkludert

i kursavgifta.Ta med kopp. 30% i studentrabatt

Kvar: Hjerleid håndverksskole. Registrering i Gulbygget.

Lærar: Hege Iren Aasdal

Hege Iren har i mange år jobba med fleire typar tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Håndverksinstitutt. I 2020-2023 hadde ho eit stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt, der ho har fordjupa seg spesielt i korger i splitta material. 

Utstyr: Deltakarane må ta med kniv, hanskar, gode arbeidsklede, eventuelt forkle og hagesaks (vi har til utlån og sal).

Mål: lære å splitte og bearbeide material for hand og lagar alt vyrkje til eigne korger.

Sponkorg i høvla spon

Vi flettar korg i maskinhøvla spon. På denne korga skal vi lage kantar i rive spon, med handtak for dei som ønskjer det. Det går raskt å flette med høvla spon, men å rive spon til kantar krev meir tid. Det gjer til gjengjeld korgene stabile og haldbare! 

 

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typar korger i splitta material. Sponkorger av furuspon har det vore lange tradisjonar for over store delar av landet.  Sponkorger har vore laga både i rive spon og seinare høvla spon. De i to typane har ganske forskjellige kvalitetar, men tar utganspunkt i same materiale. 

Bearbeidinga av rive furuspon blir gjort for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Med høvla spon, derimot, høvlar du enten med ein handhøvel eller maskinell høvel. 

Deltakarane vil lære å splitte og bearbeide materiale for hand og lager alt materiale til kantane og forsterkningane til eigne korger. ​ 

Meld deg på kurset
  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle
bottom of page