Lafting

Tidspunkt: Måndag 26.april,kl.09.00-torsdag 29.april kl. 17.00 2021
Kursavgift: 6 050 kr. Alle måltid + drikkekopp i tre er inkludert i kursavgifta.

30% i studentrabatt

Kursstad: Laftehallen på Hjerleid
 

Tidspunkt: Måndag 19.april, kl.11.00 – torsdag 22.april kl.17.00  2021
Kursavgift: 6 050 kr. Alle måltid + drikkekopp i tre er inkludert i kursavgifta.

30% i studentrabatt

Kursstad: Laftehallen på Hjerleid

Kursinnhald og gjennomføring:

Kurset blir dagleg organisert med ei kort teoretisk innleiing i klasserommet på morgonen.Deretter vil resten av dagen bli praktisk jobbing. Det vil bli lagt inn korte pauser med såkall "stubbeforedrag", der aktuelle tema blir diskutert over ein kaffekopp.To erfarne kursinstruktørar vil sørge for at alle kursdeltaker blir ivaretekne gjennom heile kurset.

Lafteteknikken blir i hovudsak barkelaft, men det kan og kome innslag av andre teknikkar dersom nokon har ønskje om det. Det vil og bli høve til å lafte åsar.


Temaer

-Oppstart av hus, med fyrste omfar ( kvarv)

-Materiallære. Treslag, kvalitet osv

-Åslaft

-Takkonstruksjonar og taktekking

-Verkty og verktysliping

-Dører, vinduer, beiteskier,dømlingar,strekkfiskar.

-Overflatebehandling

Kurslærar: 

Anton Rudi er utdanna ved Dovre Handverkssenter , under leiing av Steinar Moldal. Anton har svennebrev som tømrar, med fokus på tradisjonelle teknikkar.I dag er Anton medeigar i Dovre Handverkssenter og har ansvaret for fleire tilsette og lærlingar.

Ole Ivar Lierhagen har tidlegare vore hovudlærar innan tradisjonell byggteknikk på Hjerleid Handversskole.Ole Ivar er aktiv kurshaldar i lafting, og er framleis knytt til Handversskolen som gjestelærar. I tilleggg til laftinga er Ole Ivar aktiv tømmerhoggar og kaptein på landslaget.

Utstyr:
Deltakerane må ta med personleg verneutstyr. For dei som vil prøve seg med motorsag, er det påbod om vernesko og vernebukse. Det er tilrådd å ta med "favorittøksa" di, om du har ei slik. Vidare må kvar deltakar ha med seg tommestokk, blyant, handsag og vater. Vi oppmodar til å ta med relevant lafteutstyr for dei som har det Døme på relevant utstyr er:lafteøks, meddrag, klubbe, krittsnor, navar(bor), hoggjarn, bandkniv og høvel.


Kurskriterier

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.


  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Instagram - Black Circle