top of page

Tidspunkt: 

onsdag 24. april kl 13.00 – laurdag 27. (avslutning og utstilling søndag) 35 timar
Lunsj og middag inkludert i kursavgifta.

Kursavgift: 6 000 kr ved påmelding innan 1. mars.

Etter 1. mars gjeld 6 500 kr.  

Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt (30 kurstimar)
Kursstad: Hjerleid. Registrering i Gulbygget på Hjerleid frå kl 12.00 24. april.

Kurslærar: Knut Skåla, tradisjonshandverkar frå Hardanger

Kva er lagging?

Lagging er ein teknikk som blir brukt til å lage bøtterbaljarstampar og kar av breie trestavarHandverket er i slekt med bøkring, det vil si å lage tønner, men skil seg frå denne på nokre vis. Ein handverkar som utfører lagging, blir kalla ein laggar, medan ein tønnemakar blir kalla ein bøkkar.

Stavbygde kar ser ut til å ha blitt innført i Norge omtrent år 300 e.Kr.

Laggeteknikken var svært mykje brukt i det gamle bondesamfunnet. Teknikken vart særleg brukt til å lage tette behaldarar som skulle brukast til flytande vesker av ulike slag, slik som kar til mjølkestellet: mjølkebøtter, mjølkeringar, ostekoppar og smørbuttar.

Eit lagga kar blir sett saman av stavar av tre som blir høvla til ein etter ein. Det ferdige karet skal trutne og bli tett. Stavar av kvalitet skal difor takast radiært av trestokken. Da utvider staven seg i breidda når den trutnar, og sprekkane mellom stavane blir tette. I staven blir det skore ut eit spor til botn og eventuelt lokk i behaldaren. Stavane blir sett ein etter ein rundt botnen. Dei kan forbindast med trenaglar, og blir alltid halde saman av treband som blir sveipa rundt behalderen.


Kursinnhald:

Høvle til stavar, lære teknikkane som skal til for å binde dei saman, få dei til å trutne, lage trenaglar, band, botn og eventuelt lokk. Kurslærar er Knut Skåla, ein erfaren handverkar frå Hardanger som snart rundar heile nitti år! Nytt høvet til å lære av dei beste!

 

lagging.jpg
bottom of page