top of page

Sløydskolen

Splitta material.jpg

Splitta material

 

Varigheit: 20 timar

 

Tidspunkt: torsdag 24.april kl 09.00 - søndag 27. april.

Kursavgift: 4100 kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1. mars, gjelder 4600 kr. 30% i studentrabatt. Middagar, kaffi, te og pausemat er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.

 

Kursstad: Hjerleid handverksskole. Registrering i Gulbygget på Hjerleid.

Lærar:  Hege Irene Aasdal og Samson Øvstebø

Maks 10 deltakarar.

 

Korger i splitta material

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typar korger i splitta materialar. Pinnane blir delte for å gjera dei smidige nok og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinnar like og må difor arbeidast med for å bli jamne og like nok til å setja saman til ei korg.

Dette blir gjort for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om du kan bruke mange forskjellige materialar. Deltakarane vil lære å splitte og bearbeide materialar for hand og lagar alt vyrkje til eigne korger.

 

Det finnes mange forskjellige variantar av korger i splitta material. På dette kurset kan deltakarane velgje mellom aktarkorg og ei lita korg med handtak. Materialane og framgangsmåten er den same, flettemønsteret er litt annleis.

 

Lærarar

Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø har i mange år jobba med fleire typar tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Håndverksinstitutt, og Hege har hatt eit treårig stipendiat for Håndverksinstituttet der ho har fordjupa seg spesielt i korger i splitta materiale. Samson Øvstebø er erfaren kipemakar og tradisjonsberar.

 

Utstyr:

Deltakarane må ta med kniv, hansker, gode arbeidsklede, eventuelt forkle og hagesaks (vi har til utlån og salg)

 

Splitta material 2.jpg
bottom of page