

Korgfletting 2 (kipe)
Tidspunkt: Veke 17: onsdag 26. april, kl.13.00 – søndag 30. april kl.13.00. (Ca 32 timar)
Kursavgift: 5 600 kr ved påmelding innan 1. mars. Etter 1. mars gjeld 6100 kr. Kr. 500 kjem i tillegg for materiell. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt
Kursstad: Hjerleid, Dovre
Mål: Lære splitting og bearbeiding av flettemateriale og flette korg.
Kipe (sponkorg)
Kipe - det er ei korg som er mykje brukt på vestlandet, der dei måtte bere alt frå poteter til høy og ved i bratte lier. Korga finns i mange variantar, og har vorte laga til mange forskjellige formål. Her kan ein velgje mellom ei lita ryggkipe, handkipe med eitt handtak og ei handkipe med to handtak.
Fellesnemnar er at dei har trebotn og spiler i tørt materiale, medan flettemateriala er ferske.
Kursinnhald og gjennomføring
På kurset lærer du å splitte selje, vier og eventuelt andre treslag. Samt bearbeide desse til flettemateriell, sette saman korga, flette, lage kant, feste fatlar (seler) eller handtak.
Det kan vere aktuelt med ein tur for å finne materiale i nærmiljøet
Tema
-høvling av spiler og samansetning av korga
-splitting
-materialbruk, ulike treslag
-fletting
Utstyr:
Deltakarane må ta med kniv, hansker, gode arbeidsklede, eventuelt forkle og hagesaks (vi har til utlån og salg)
Kurslærar:
Hege Iren Aasdal er korgmakar og handverksstipendiat for Norsk Håndverksinstitutt.
Samson Øvstebø er erfaren kipemakar og tradisjonsberar.
Kurskriterium
-
Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar.
-
Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding
-
Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 24. mars
-
Etter fristen må kursavgift betalast.
-
Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege
-
Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar