top of page
Knutekorg.jpg

Korgfletting 1 (vedmeis, knutekorg)

Tidspunkt: Veke 17: måndag 24. april, kl.13.00 – søndag 30. april kl.13.00. (ca 45 timars kurs)


Kursavgift: 7 900 kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1. mars, gjeld 8400 kr. Kr 500 kjem i tillegg for materiell. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt

Kursstad: Hjerleid, Dovre

Mål: Lære splitting og bearbeiding av flettemateriale og flette korg.

 

Vedmeis og knutekorg

Knutekorg:

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta materialer. Ein ganske spesiell og unik korg er knutekorga, eller sendingskorg med bøyd ramme.

Korga er bygd opp av 4 pinner som danner ei ramme. Denne ramma fylles så med heiltre og flett av selje eller hassel i sidene og bunnen.

Dette er ei korg som er funne over store delar av landet og har ofte vore brukt som sendingskorg og ullkorg blandt anna. Dei er ofte malte eller rikt dekorerte med til dømes svidekor, og mengden flett varierer.

Vedmeis:

Vedmeisen vart laga i mange variantar spesielt i Hedmark. Den vart nytta, som aktarkorga, til å bære høy frå løe til fjos, men også til ved, ull og mykje anna. Den er oppbygd på same måte som aktarkorg, med fletta bunn som danner staker, men har i tillegg to bøyler som danner både handtak og bein i korga.

Den er oftast laga i selje, men også hassel har vore nytta, og vier.

 

 

Tema

-splitting

-materialbruk, ulike treslag

-fletting

-vri vidje - til vedmeis

-spikke spor og feste på pinnar - til knutekorg

-lage kant - vedmeis

-tilpasse sidestykke - knutekorg

 

Kursinnhald og gjennomføring

På kurset lærer du å splitte selje, vier og eventuelt andre treslag. Samt bearbeide desse til flettemateriell, sette saman korga, flette, lage kant, og hands/handtak samt å tilpasse sidestykkene på knutekorga.

Det kan vere aktuelt med ein tur for å finne materiale i nærmiljøet.

 

Utstyr

Ta med kniv, hanskar, gode arbeidsklede, eventuelt forkle og hagesaks (vi har til utlån og sal)

 

Kurslærar

Hege Iren Aasdal er korgmakar og handverksstipendiat for Norsk Håndverksinstitutt.

Samson Øvstebø er erfaren kipemakar og tradisjonsberar.

Kurskriterium

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar.

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 24. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast.

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

bottom of page