top of page

 

 

Kunsten å lære-kurs

Torsdag 25. april, kl 18.00, fredag 26. april, 09.00-16.30 (9 timar)

Kurspris 1 700,- (1200,- utan måltid)

Kunsten å lære: Kva skjer i hjernen når vi driv med kunst, kultur og handverk? Eller: Kvifor har mennesket drive med kulturaktivitet til alle tider, utan at det nokon gong har døydd ut? Dette kurset vil vera eit hybrid workshop-foredrag som tek deltakarane med inn i hjernen og undersøkjer kva som skjer når ein driv med kunst-, kultur og handverksaktivitetar. – Kva kjenneteiknar aktivitetar som har positiv effekt på hjernen si utvikling? Korleis kan vi rigge skule-aktivitetane slik at det stimulerer læring, kreativitet, meistring og glede? Workshop-foredraget tek utgangspunkt i prosjektet Kunsten å lære, eit forskings-, kunst- og skuleutviklingsprosjekt som har sett på nettopp koplinga mellom kultur og hjernen i skulen. Les meir om prosjektet her: https://kunstenalare.no

 

Om kurshaldarane:      

Marie Othilie Hundevadt: Scenekunstnar, lærar og rådgjevar for Den kulturelle skolesekken i Innlandet fylkeskommune. Prosjektleiar for Kunsten å lære. Ulrika Håkansson, Førsteamanuensis og klinisk psykolog, Institutt for psykologi, Høgskolen i Innlandet. Forskingsleiar i Kunsten å lære.

 

Målgruppe for kurset:

Deltakarar på Sløydskulen, lærarar, andre som er interesserte i kunst, kultur, handverk og skule.

Kunsten å lære

bottom of page