Tilbod om gratis kursplass til lærlingar

For fyrste gong inviterer og tilbyr vi  lærlingar innanfor tradisjonelle bygg- og handverksfag  gratis kursplass på TREseminaret! Dette gjeld alle dei ordinære kursa som TREseminaret tilbyr i 2021 i veke 16 og 17.

Med støtte frå Sparebank 1 Lom &Skjåk har vi glede av å  tilby dette til inntil 5 lærlingar.

Kursarrangør dekkjer kursavgift inkl. alle måltid. Reise og overnatting må kostast av den enkelte deltakar/lærebedrift.

For meir informasjon og påmelding, gå inn på Kursoversikt.

VIKTIG!Ved påmelding må det opplysast om at det gjeld kursplass som lærling!

Det blir "fyrstemann" til mølla som gjeld.