top of page

Klassisk møbelsnekring

DETTE KURSET ER FULLTEIKNA. VENTELISTE ER OPPRETTA.

Tidspunkt: Tysdag 26. april, kl. 13.00 – søndag 1. mai 2022, kl. 13.00

Kursavgift: 7 900 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt (40 kurstimar)
Kursstad: Hjerleid


Kursinnhald: Kurset vil gje ei innføring i praktisk arbeid med tre. Tre er eit materiale med lange tradisjonar, men også i dag treng vi materiale av tre til møbel, smykke og innreiingsprodukt. Funksjon og utsjånad kan vere svært enkelt eller svært komplisert. Eigenskapar som handlag, kreativitet og formgjeving er viktige element til det å skape løysningar for å designe og lage møbel og andre produkt.

Målet er å gje deltakarane kjennskap til teknikkar, materiale og verkty. Inspirere den handverksinteresserte til å lage enkle, men fine produkt med god design og form, med utgangspunkt i kunnskapen kurset har gjeve.

Den grunnleggande metoden er herming. Kurslærar viser korleis det skal gjerast, deretter får deltakarane prøve å gjere det same. Saman med læring av teknikkar,formidlar kurslærar munnleg og skriftleg, kunnskap om materiale, tradisjonar og handverk. Under instruksjonen blir det sett ord på tradisjonen og produksjonen for å formidle forståing og omgrep. Kurset gjev ei praktisk og teoretisk innføring i fleire samanføyingar som blir brukt i handverksprodukt.

 

  • Sinking

  • Kantfuging

  • Grading med handverktøy

 

Eksempel på produkt:

Enkel krakk/taburett

Dette er et prosjekt som krev meir tid og ferdigheiter.

Eks. på samanføyingar:Kant-mot-kant-fuge av heiltre, note, lage tapphull og tapp. (sink).  

Lage løysningar av form, og design, med utgangspunkt i skisseforslag.

 

Litteratur: Kurslærar har med instruksjonshefte.

 

Nivå:

Kurset passar for alle.

Kurslærar: Robert Wiik

Utstyr: 

Ta med dersom du har:

  • Måle- og merkeverktøy:​

  • Blyant (H2 eller H3)

  • Strekmål

  • Meterstokk

  • Vinkel

  • Stillbar vinkel

  • Skyvelær
     

Handverktøy:

  • Stemjern (6mm, 10mm og 16 eller 19mm i bredde)

  • Pusshøvel nr 4

  • Japansag

Stemjern, strekmål og japansag må kjøpast dersom du ikkje har.

  • Verktøysett kan kjøpast til ca kr. 1500,-INNHALD: 3 stk stemjern 6, 10 og 16 mm, japansag og merkehjul ( strekmål).

  • Noko verktøy har vi til utlån, men ikkje japansager.

Kurskriterium:

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar.

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

bottom of page