top of page

Smiing

Tidspunkt: Torsdag 28.april, kl.18.00 – søndag 1. mai 2022, kl.13.00, 25 timar kurs

Kursavgift: 4 900 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgift. Ta med kopp.
30% i studentrabatt
Kursstad:  Smia på Hjerleid

 

Kursinnhald:

Smiing av tang. Kurslærar vil gjennomgå smiing av "tenger som dug og held" på kurset. Dette er noko alle smedar må meistre for å kunne oppretthalde ei fungerande smie. Kurset passar både for nybegynnarar og dei som har litt erfaring med smiing frå før. Fokuset ligg på grunnleggande smiteknikk og kva som skil ei god frå ei mindre god tang.

Dag1: 

-Gjennomgang av ulike typer tenger

-Gjennomgang av metode for smiing av ei vanleg type tang.

-Opplæring i "effektiv smiing"

Dag 2:

-Montering, justering og ferdigstilling av tengene

-Tid til å smi flere tenger (om ein rekk)

Dag 3:

-Fullføring og evt overflatebehandling av tanga/tengene

-Diskusjon og spørsmålsrunde rundt smiing generelt

 

Kurset vil i hovudsak bestå i praktisk arbeid i smia, i tillegg til innføring i sikkerheit og noko teori om stål og stålets eigenskapar.

 

Kurslærarar:  Michael Karlsen og Svenn-Tore Sætrom.

Utstyr:

Deltakarane må ta med personleg verneutstyr. (Briller, høyrselsvern, handskar etc.) Vi oppmodar om å ta med eigna klede (tekstilar som ikkje smeltar, toler varme og gneister). Deltakarane som har og ønskjer, kan ta med eigne tenger og hammar.

Kurskriterium

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25.mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

bottom of page