top of page

 

 

Tidspunkt: onsdag 24. april kl 13.00 – søndag 28. april kl 13.00, 35 timar

Kursavgift: 6 000 kr ved påmelding innan 1. mars. Etter 1. mars gjeld 6 500 kr.  Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt 
Kursstad: Hjerleid

Kurslærar: Endre Opdal Kvarmestøl. Endre har sveinebrev i bøkkerfaget og jobbar på Tønnegarden i Fusa, Vestland.

Kva er tønnemaking?

Ein handverkar som lagar tønner blir kalla ein bøkkar.

Stavbygde kar ser ut til å ha blitt innført i Norge omtrent år 300 e.Kr.

Ein kkar (også kalt bøtker og tønnemakar), er ein handverkar som lagar tønner (eller andre runde eller ovale kjørlar) av bua trestavar. At stavane er bua, gjer at tønna blir tjukkast på midten. Da blir den litt elastisk og dermed toler den «ein støyt», noko som er ein stor fordel både under fylling og transport.

Tønna blir halde saman av utvendige band. Tidlegare var det vanleg å bruke treband, men etter hvert vart metall mest brukt.

I dag er det veldig liten produksjon av tønner i Norge. I Sør-Europa derimot, eksisterer bøkkarfaget framleis - der bruker vin- og brennevinindustrien tønner.

Ei tønne blir sett saman av stavar av tre som blir høvla til ein etter ein. Det ferdige karet skal trutne og bli tett. Stavar av kvalitet skal difor takast radiært av trestokken. Da utvider staven seg i breidda når den trutnar, og sprekkane mellom stavane blir tette. I staven blir det skore ut eit spor til botn og eventuelt lokk i behaldaren. Stavane blir sett ein etter ein rundt botnen. Dei kan forbindast med trenaglar, og blir alltid halde saman av treband som blir sveipa rundt behalderen.


Kursinnhald:

Høvle til stavar, lære teknikkane som skal til for å binde dei saman, få dei til å trutne, lage trenaglar, band, botn og eventuelt lokk. 

Tønnemaking/bøkring

bottom of page